Liv på Øyro med pumptrack og boccia

Klikk for stort bileteIkkje gløym hjelmen! (Foto: Midtsiden)Det går unna i den nye aktivitetsparken ved gjestebrygga. Kvar dag sidan opninga av pumptracken for tre veker sidan har fartsglade unge osingar i hopetal kost seg på sykkel og sparkesykkel. 
Føretrekker du kanskje ein sosial ferieaktivitet i litt lågare tempo? Ta med deg venegengen og bocciakulene og innta sandgropa like ved! Eller kva med å utfordre naboen til ein uhøgtideleg bocciaduell? Det kan godt hende de får publikum, for her finst benkar for dei som berre vil slappe av og følge med på sommarlivet i hamna.