Mange kan førstehjelp, få har vatn på lager

Klikk for stort bileteFolk er stort sett godt rusta til å klara seg utan straum i nokre dagar. Ikkje så mange har ordna seg med drikkevatn, kontantar eller batteriradio. Det viser svara så langt frå eigenberedskapsundersøkinga mellom dei tilsette i komande Bjørnafjorden kommune.

Dette viser spørjeundersøkinga

Det er så langt kome inn over 400 svar på spørjeundersøkinga om eigenberedskap mellom dei tilsette i Fusa og Os. Undersøkinga viser at rundt 60 % har tenkt gjennom kva farar, ulykker og utfordringar dei kan møta heime og kva dei skal gjera ved lengre bortfall av straum. 

  • Dei aller fleste kan grunnleggande førstehjelp.
  • Dei aller fleste har fylt opp heimane sine med stearinlys, fyrstikker, lommelykter, førstehjelpsutstyr og ved eller gass.
  • Mange tilsette er tydeleg ein del ute på tur og har kokeapparat tilgjengeleg.
  • Halvparten har ein DAB-radio med batteri.
  • 35 % har kontantar liggande. Det er lurt, dersom vi ikkje kan betala med kort i butikkane. 
  • 25 % har vatn ståande på kanner heime.
  • Berre litt over 20 % gjennomfører brannøvingar og har tenkt gjennom korleis dei kan søkja hjelp eller informasjon ved bortfall av mobilnett/telenett/internett.

Alt i alt meiner 42 % av dei tilsette at dei er litt førebudde, 33 % er nokså godt førebudde og 10 % er godt førebudde. Berre 13 % er ikkje førebudde i det heile tatt.

Viktig informasjon for vidare arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap 

Tala frå undersøkinga er viktig informasjon til arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap i Bjørnafjorden kommune. Undersøkinga viser kva område vi må arbeida med framover når det gjeld informasjon om, og tilrettelegging for, god eigenberedskap. Det gjeld mellom anna: 

  • kor ein kan søkja hjelp eller informasjon ved bortfall av mobilnett/telenett/internett
  • kor faste møtestadar for innbyggarane i kommunen er ved større ulykker/kriser
  • kor næraste tilfluktsstad er
  • om kommunen sin beredskapsplan
  • om kor viktig det er å ha vatn tilgjengeleg på kanner heime

Tenk over korleis du skal greia deg dersom kvardagen ikkje fungerer som vanleg!

Målet med Eigenberedskapsveka 2019 er å auka folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar.

Korleis står det til heime hjå deg? Stopp opp og sjå på utstillingane dersom du er innom Amfi Os eller Fjord'n Senter. Ta gjerne med deg ein brosjyre. Eller last ned brosjyren om eigenberedskap frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Her finn du lista over kva du bør ha i heimen i ditt eige beredskapslager.

"Vi håpar spørjeundersøkinga òg har gjort fleire meir bevisst på kva dei treng i heimen for å klara seg sjølv i minst 72 timar. Vi ønskjer å køyra spørjeundersøkinga også neste år på same tid. Det blir spennande å sjå om vi har endra oss til då," seier HMS-rådgjevar Ellen Marie Westvik, som har laga undersøkinga. Ho rettar ein stor takk til alle som har svart!