No kan du søkje om økonomisk sosialhjelp på nett

Klikk for stort bileteFrå 10. april tar NAV Os i bruk digital søknadsløysing for økonomisk sosialhjelp på nav.no.
Du loggar inn på «Ditt NAV» med BankID eller andre tilsvarande sikkerheitsløysingar, når som helst på døgnet.
Fram til no har du måtta møte opp på NAV-kontoret for å fylle ut eit papirskjema mellom klokka 11 og 14, måndag, onsdag og fredag.

Det vil framleis vere mogleg å søkje på papir, men Line Naterstad Solheim i NAV Os håpar og trur dei fleste vil nytte seg av den digitale moglegheita:
– Når du fyller ut søknaden digitalt får du òg informasjon om kva for dokument du må legge ved søknaden. I tillegg hentar søknaden relevant informasjon som alt finst i ulike andre register. Dette sikrar at vi får rett og nødvendig informasjon, og gjer søknadsprosessen meir effektiv for både søkjaren og oss som skal vurdere søknaden, seier Naterstad Solheim.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret i opningstida måndag, onsdag og fredag, kl. 11-14.

Kontakt

Line Naterstad Solheim
avd.leiar
Mobil: 458 12 959