No kan du søkje om tilskot til trafikksikringstiltak i lokalmiljøet ditt

Skular, barnehagar, lag og organisasjonar kan søkje Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland om tilskot til gjennomføring av lokale trafikksikringsarrangement, til dømes haldningsskapande og førebyggjande arbeid. 

Midlane blir delte ut tre gonger i året.
Søk innan 15. januar, 1. mai og 1. september 2019.

Les meir og søk på Hordaland fylkeskommune sine nettsider