No skal dei siste bølgjebrytarane på plass

Klikk for stort bilete Dei tre siste bølgjebrytarane til Os hamn skal på plass. Arbeidet med plassering og fortøying vil starte fredag 7. desember 2018, og halde på i 3-4 veker.

Arbeidet vil føre til ein god del aktivitet i hamnebassenget utanfor Osøyro. Vi ber alle som nyttar og ferdast i området om å vise omsyn medan arbeidet pågår.

Bølgjebrytarane skal gjere Os hamn meir gjestmild og mindre utsett for vêr og vind.

(Illustrasjonsbilete: ABO Plan & arkitektur/Os kommune)

Kontakt

Knut Olav Torsvik
prosjektleiar
Mobil: 906 73 878