Ny bok om Lyse kloster

Klikk for stort bilete Guideboka Lyse kloster – En introduksjon til cistercienseranlegget tek for seg historia til cisterciensarane og klosteret. Kunsthistorikar Marit Nybø sin tekst fører lesaren gjennom  klosterruinane rom for rom, med vakkert og informativt følgje av Per Bækken sine fotografi og illustrasjonar. Han har òg stått for bokbunaden, medan Pauline Ann Hoath har omsett til engelsk. Boka har rikeleg med både detaljar og oversynsbilete, og ei rekkje døme frå andre kloster i Europa. Her får du altså både lokal og europeisk historie, på norsk og engelsk parallelt. I Kommunetorget i Os rådhus kan du sikre deg eit eksemplar for berre kr. 100-, eller du kan sende ei bestilling til kommunetorget@os-ho.kommune.no. (Porto kjem i tillegg).  
Lyse kloster – En introduksjon til cistercienseranlegget er finansiert av Os kommune og Riksantikvaren.
Foto frå boka: Lyse kloster i 1920-åra / Riksantikvaren