Ny eldstad? Søk vrakpant for den gamle!

Klikk for stort bilete Har du erstatta ein gamal eldstad med ein reintbrennande eldstad? No kan du søke om vrakpant på 2000 kroner for den gamle. Vrakpanten gjeld eldstader som blir skifta ut etter 1. januar 2019. Du kan søke dersom du har bytta ut ein eldstad som ikkje er reintbrennande, det vil seie opne peisar, oljefyrte eldstader og ved- og koksomnar installert før 1998. Du søker om vrakpanten etter at du har skifta ut eldstaden. Les meir og søk her.