Ønsker du ein givande jobb der du kan hjelpe andre menneske? Søk jobb som støttekontakt

støttekontakt - Klikk for stort bilete Os kommune søker fleire støttekontaktar til sine nettverk. Du kan enkelt registrere di interesse som støttekontakt ved å fylle ut dette elektroniske interesseskjema. Her skriv du inn informasjon om deg sjølv og eit kort motivasjonsbrev. Du vil bli kontakta av ansvarleg for oppfølging av støttekontaktar som ligg under kultureininga i Os kommune. I vurderinga av din søknad vil alder, kjønn, personlegdom og interesser spele ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt og tenestemottakar.

Kva gjer ein støttekontakt?

Som støttekontakt kan du hjelpe personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Som støttekontakt vil du få oppgåver som mellom anna å gå på besøk til brukaren, bli med på tur, kino, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar. Det er givande både å ha og å vere støttekontakt.

Det viktigaste med jobben er at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg!

Kven kan vere støttekontakt/fritidskontakt?

Det krev ingen fagbakgrunn for å bli støttekontakt.

Du må:

  • Vere påliteleg og stabil
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Ha respekt for andre menneske
  • Ha overskot til å gje av deg sjølv
  • Ha evne til å etablere kontakt
  • Vere trygg på deg sjølv
  • Kunne setje grenser

Les meir om å vere støttekontakt i Os kommune.