Opplev Raudlikongen sitt rike

Klikk for stort bilete Visste du at du kan leige Raudlistova til dagsbesøk?

Å gå på oppdagingsferd i Raudlikongen sitt rike er spanande for både store og små. Frå Hatlelio til Raudlio er det merkt både sti og grusa turveg som gjer det  villmarksprega friluftsområdet tilgjengeleg for dei aller fleste. Her kjem du heilt fram med både barnevogn og rullestol. På Raudlibøen kan du overraske turfølgjet ditt med å låse opp døra til 1800-talet og fyre i omnen, så sant du har planlagt litt på førehand. Slik leiger du Raudlistova til dagsbesøk  Klikk for stort bilete