Os + BOF = friluftsliv for alle

Klikk for stort bileteErvikane er eit av dei finaste friluftsområda i heile bergensregionen. Vi er heldige som bur nær så mange flotte friluftsområde. Men for at nærfriluftslivet skal fungere, er vi avhengige av at nokon legg til rette for alle oss som vil ut på tur. 
Os kommune har eit svært godt samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) om sikring, drift og vedlikehald av friluftsområda våre. Dei siste åra har vi òg samarbeidd om rydding av plastavfall i strandsona i kommunen.

​​​​​​​Her kan du sjå ei oversikt over alle friluftsområda BOF forvaltar i Os kommune.

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) er eit interkommunalt samarbeidsorgan med 17 deltakarkommunar i bergensregionen. Friluftsrådet si oppgåve er å etablere nye friluftsområde, tilrettelegge og halde dei ved like slik at alle kan bruke dei. BOF skal òg arbeide for større forståing for friluftslivet si tyding, betre friluftskultur og utbreiinga av friluftsliv.

Les Bergen og Omland Friluftsråd sin årsrapport for 2018.