Os kommune er klimapartnar

Klikk for stort bileteNo er Os kommune ein del av det regionale nettverksprosjektet Klimapartnere Vestland
30 offentlege og private verksemder i Hordaland er med i nettverket, som er eit samarbeid mellom Klimapartnere Agder, Norsk Klimastiftelse og Hordaland fylkeskommune.
Målet med nettverket er å redusere klimagassutslepp og stimulere til grøn samfunns- og næringsutvikling i regionen vår.

På biletet, f. v.: Prosjektleiar Klimapartnere Vestland Anne-Kathrine Torvund, varaordførar i Os, Marie Bruarøy (H) og ordførar i Os, Terje Søviknes (FrP).