Os-ordspel og teiknekonkurranse på biblioteket

Klikk for stort bileteNo er det berre å etla seg te!* Kulturminnedagane held fram, og torsdag 12. september er det på Os folkebibliotek det skjer. Frå klokka 14.00 kan alle barn ta fantasien i bruk, og teikna framtidas museum. Kva blir å finna der? iPad-en og Gameboyen, kanskje? Teikningane blir stilte ut på biblioteket.
Klokka 19.00 kjem Åsmund Lien for å snakka om bokprosjektet "Ord og uttrykk frå Os". Kultureininga i Os kommune har plukka frå dei innsamla dialektorda frå Os og laga Os-ordspelet, som blir presentert før foredraget. Kortstokken er trykt opp i avgrensa opplag, og er til sals for kr 100 under arrangementet. 
På bilblioteket kan du dessutan laga din eigen "button" med Os-uttrykk. Finn din favoritt! Er det skjykkjeskukkjen, kanskje? Eller slonkjo? Geitavis? Hantikka? 

*Etla seg te = Gjere seg klar