Os skal bli eit meir demensvennleg samfunn

Klikk for stort bileteIngvil Tjønn Hansen frå Nasjonalforeningen for folkehelsen og ordførar i Os, Terje Søviknes (FrP) signerte samarbeidsavtalen i kommunestyret 2. april 2019.Dersom alle kan litt meir om demens, vil kvardagen bli mykje enklare for alle som er berørte av denne sjukdomen. Dette er utgangspunktet for Nasjonalforeningen for folkehelsen sin kampanje "Et mer demensvennlig samfunn", retta mot tilsette i privat og offentleg servicenæring, til dømes taxisjåførar og butikktilsette.

Os kommune ved ordførar Terje Søviknes signerte ein samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen på kommunestyremøtet 2. april 2019. Avtalen inneber at kommunen set ned ei arbeidsgruppe med ansvar for å administrere og gjennomføre kurs for å auke kunnskapen om demens i samfunnet generelt, og servicenæringa spesielt.

Slik kom samarbeidsavtalen mellom Nasjonalforeningen og Os kommune i stand.

Les meir om kampanjen for eit meir demensvenleg samfunn på Nasjonalforeningen for folkehelsen sine nettsider.