Påmeldinga til Ungdommens kulturmønstring er i gang

UKM Os og Fusa - Klikk for stort bilete Er du mellom 11 og 20 år? Driv du med noko på fritida som du vil visa til  andre? Då er UKM noko for deg. Laurdag 9. mars blir det felles lokal mønstring for Os og Fusa. Påmeldingsfristen er 3. mars.

Møtest i Eikelandsosen 

Os og Fusa har i mange år samarbeidd om den lokale delen av den nasjonale kulturfestivalen for ungdom, UKM. I 2019 går den lokale mønstringa av stabelen i den nye idrettshallen i Eikelandsosen.

Dei som går vidare til fylkesmønstringa i Hordaland samlar seg i Oseana 5.-7. april, og den nasjonale UKM-festivalen blir i Arendal i slutten av juni.

Håpar på høg deltaking

Gjengen bak UKM i Os og Fusa vil gjerne ha med alle kreative unge krefter i nye Bjørnafjorden kommune til ei stormønstring av musikk og kultur. Driv du med noko på fritida som du kan visa fram for andre? Skjer det kreative ting i skulekvardagen som kan løftast fram på ei scene, i ei utstilling eller på filmlerretet? Eller kanskje du har lyst til å vera med i den unge arrangørstaben?

UKM er i utgangspunktet for dei mellom 11 og 20 år, men dersom minst halvparten av deltakarane i eit innslag er i rett alder, kan dei òg ha med seg både yngre og eldre deltakarar.

Meld deg på her innan 3. marswww.ukm.no.