Private og kommunale stikkleidningar

Vatn 1 - Klikk for stort bilete

Det er mange innbyggarar som ikkje er klar over sitt ansvar når det gjeld vedlikehald av dei private stikkleidningane. Os kommune og tekniske tenester arbeider dagleg for å sikre godt drikkevatn og effektive avløpstenester til sine innbyggarar.

Kvart døgn brukar kvar enkelt av oss om lag 200 liter vatn. Vatnet følgjer oss gjennom heile dagen, frå dusjen om morgonen, via kaffikoppane på jobb, til middagslaging, klesvask og i sekken på trening og tur. Vi har heldigvis gode og store vassressursar i kommunen vår. Vass- og avløpstenestene i Os held god kvalitet, men vi har samstundes krevjande utfordringar: mykje vatn forsvinn ut av leidningsnettet på grunn av lekkasjar, i tillegg til at kommunen er i sterk vekst. Vi jobbar derfor systematisk med søk etter lekkasjer, samstundes som vi oppgraderer leidningsnettet. Dette gir resultat og vassproduksjonen så langt i 2017 er 93% i forhold til same periode i 2016, og 88% i forhold til 2015.

Kva er vårt og ditt ansvar?

Tekniske tenester har ansvar for drift og vedlikehald av kommunen sine vassleidningar og avløp. Kommunen har ansvar for å utbetre lekkasjar som skjer på dei kommunale leidningane. Frå dei kommunale leidningane går det stikkleidningar inn til private bygningar og hus. Lekkasje i det private leidningsnettet er huseigar sitt ansvar. Dersom det skjer ein lekkasje på privat fellesleidning, har husstandane som er tilknytta ansvaret for utbetring.

"Mange innbyggarar er ikkje klar over at dei sjølv har ansvar for vedlikehald og reparasjon av sine private stikkleidningar. I mange tilfelle går dei private stikkleidningane utover di eiga tomtegrense. Det er derfor viktig å være klar over kva ansvar du som abonnent har dersom det blir ein større lekkasje på din private vassleidning", seier teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

Stikkleidning private og kommunale  1 - Klikk for stort bilete

Illustrasjon privat og kommunal stikkleidning 

Krav om vassmålar?

Alle hus som vert bygd etter 2016 har krav om installert vassmålar. Også alle næringsbygg har krav om vassmålar slik at forbruket blir målt korrekt for verksemda. Det er fleire som vel å ettermontere vassmålar, og her kan det være mykje penger å spare. Storleiken på bustaden din avgjer kor mykje du må betale i vass- og kloakkgebyr, og ikkje talet på personar i husstanden. Bur du til dømes åleine i ein stor bustad, eller brukar svært lite vatn, kan det løne seg å installere vassmålar. Då betaler du gebyr basert på mengda vatn du brukar og ikkje ut frå kor stor bustaden din er.


For meir informasjon om vilkår for abonnements og bruk av vassmålar, sjå Veg, vatn, kloakk og avfall.

Kontakt

Marianne Røtnes Kramer
Marianne Røtnes Kramer
$(TITTEL)
Telefon: 56 57 53 20
Mobil: 920 93 504