Program for 75-årsjubileet for naudlandinga på Haugland

Klikk for stort bileteDei seks kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland hausten 1944. Os sogelag  Den 26. september 1944 naudlanda eit fly frå det kanadiske flyvåpenet i ein potetåker på Søre Neset. Alle dei seks i besetninga var uskadde, men naudlandinga var startskotet for ei dramatisk katt-og-mus-jakt.

«Halve Os» hjelpte til med å halde dei seks i dekning i to veker medan 4000 tyske soldatar leita etter rømlingane.
Kanadiarane blei frakta frå stad til stad av ulike osingar, som alle risikerte livet om dei blei oppdaga av tyskarane. Etter to nervepirrande veker i skjul, blei dei seks frakta i fiskebåten «Snøgg» til Austevoll, kor Shetlands-Larsen førte dei trygt over til England.

4.-6. oktober vil Os Sogelag, Os Turlag, Samnager Turlag, Os Rotary og Os kommune markere at det er 75 år sidan osingane og den hemmelege norske militærorganisasjonen Milorg utførte denne spektakulære redningsaksjonen.

Her kan du lese minneskriftet frå Os sogelag (PDF, 2 MB)


 

Hovudprogram for markeringa

 

Fredag 4.10


Avsett til dei besøkande frå Canada.

Laurdag 5.10


10.30: Frammøte ved Lunde skule. Vi går til Baggahaugen.
11.00-12.00: Markering på staden for naudlandinga, ved minnesteinen.
15.30-19.00 : Offisiell middag i Oseana for inviterte.
12.00-16.00: «KNM Hitra» og «Snøgg» vert liggjande ved Os kai.
Her kan du gå om bord.

Merk: Du kan møte direkte på Baggahaugen, men du må parkere ved Lunde barneskule i Torkjelsvegen, Klasavegen eller ved Søre Neset barnehage. 


Søndag 6.10:

 

Turar til Botnahytta og «Little Canada».
Det er to alternative ruter opp til hytta. Den eine er den opphavlege fluktruta frå Øvredalen opp Baggjeskaret. Den andre, som er mykje lettare, går frå Rolvsvåg.
11.00: Øvredal til Botnahytta med Os Turlag, frå «klubbhuset».
11.00: Rolvsvåg til Botnahytta med Samnanger Turlag, frå gamleskulen.

Parkering i Øvredal innst i dalen, over brua ved «klubbhuset».
Parkering i Rolvsvåg ved gamleskulen, like ved nedkøyringa til badeplassen.
Ta på gode fjellsko, både frå Øvredal og Rolvsvåg. Ta med litt niste og drikke. Retur til Øvredal og Rolvsvåg ca kl. 16.00.
Hjelpepersonell og guidar deltek på begge turane.

Med atterhald om mindre endringar. Endeleg program blir utdelt på staden.