Program for Kulturminnedagane 7. - 15. september 2019

Klikk for stort bileteLaurdag klokka 11 bles Os skulekorps i gang Kulturminnedagane 2019 i Os - ei heil veke med trivelege og lærerike arrangement for folk i alle aldrar. Kulturminnedagane (European Heritage Days) går føre seg over heile Europa i midten av september kvart år. Målet er å feira og formidla den mangfaldige kulturarven. Frivillige organisasjonar, museum og kommunar er blant dei som står bak hundrevis av aktivitetar i Noreg. God fornøyelse!

 

Laurdag 7. september

kl. 11.00

  • Offisiell opning.

Møt opp på parkeringa ved «pumptracken». Os skulekorps spelar opp frå og leier an mot Vognhallen. Velkommen ved leiar av Fortidsminneforeningen Ingebjørg Astrup og kultursjef Erik Vangsnes.

kl. 11.15-16.00

Vognhallen: 

  • Handverksdagen. Demo av 15 ulike tradisjonshandverk. Aktivitetar for born; leire og tresnitt, fletting og lesestund.

kl. 12.00-15.00

Oselvarverkstaden:

  • Open verkstad med bygging av tre oselvarar. Hemmeligheiter bak handverket.

Oselvarnaustet:

kl. 11.00-16.00

  • Oselvarnaustet er ope med sal av kaffi og vaflar.
  • Presentasjon av Karveskurd, fletting av kipe og knivmaking.
  • Os mannskor og Os durspelsamskipnad spelar.

kl. 12.00

  • Kapproing
  • Ope kafe oppe i 2. høgda
  • Utlån av Oselvar

kl. 11.00-16.00

  • Båtverkstad for barn mellom naustet og verkstaden.

Havna: 

  • Oselvarskyss over elveosen

Alle aktivitetar er gratis.

Søndag 8. september

Det historiske tunet på Lyngheim: 

kl. 11.00-12.00, kl. 12.30-13.30 og kl. 14.00-15.00

  • Rosemålingskurs for barn frå 5 år med Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund. Gratis. Påmelding til ogj@os-ho.kommune.no
  • Sal av kaffi og vaflar.

Onsdag 11. september

Hopen ved Oselvarnaustet:

kl. 16.30-19.00

  • Har du lyst å prøve kajakk? No har du sjansen med Bjørnafjorden opplevelser. Her kan du prøve å padle gratis. Det blir padlekonkurranse med premiar for dei som vil.

Påmelding til post@bjornafjordenopplevelser.no

Torsdag 12. september

Os folkebibliotek:

kl. 14.00-18.00

  • Kva blir framtidas museum? Teiknekonkurranse for barn.
    Hugsar du iPad-en? Eller Gameboyen? Kva vil du hugse tilbake på når du blir gamal? Kva er å sjå i framtidas skattekiste? Bruk fantasien din og få teikninga di utstilt på biblioteket!
  • Lag din eigen "button" med Os-uttrykk

kl. 18.30 

  • Lansering av Os-ordspelet med ord og uttrykk frå Os.
    Åsmund Lien held foredrag om bokprosjektet "Ord og uttrykk frå Os".

Laurdag 14. september

Det historiske tunet på Lyngheim:

kl. 11.00-16.00

  • Ope hus med sal av kaffi og vaflar.
  • Historiske leikar og sporløype for heile familien.

Os folkebibliotek:

kl. 11.00

  • Lesestund. Bøker av forfattarar frå Os.

Foajeen i Oseana:

kl. 12.00-13.00

"Lyden av Os". Konsert.

  • Os mannskor
  • Os kammerkor
  • Tilslørte bondepiker
  • Bente Bratlund
  • Bjørnafjorden kulturskule
  • Annveig Fjeldstad

Gratis inngang.

Søndag 15. september

Det historiske tunet på Lyngheim:

kl. 11.00-16.00

  • Ope hus med sal av kaffi og vaflar.
  • Historiske leikar og sporløype for heile familien.
  • Internasjonalt måltid. Smakebitar frå mange ulike land.

kl. 18.00

  • Konsert med Marius Neset.

kl. 20.00

  • Konsert med Marius Neset.

For å tinge billett, ring Torolf Juvik på tlf. 949 71 690.

Kr 50,- Maks 2 billettar per kjøpar.