Rekneskapen for Os kommune i 2017 viser over 51 mill. i overskot

driftsrekneskap 2017 - Klikk for stort bilete Os kommune melder om gode økonomiske resultat for 2017. Driftsrekneskapen for Os kommune viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på 51,9 mill. kr for 2017. 
Resultatgraden er på heile 9,4%. 

Tenestaområda leverer plusstal

Det gode resultatet skuldast i første rekke høge skatteinntekter inkl. skatteutjamningsmidlar, lågare utgifter til pensjon enn budsjettert og god avkastning på finansporteføljen. Alle tenesteområda leverer resultat i pluss.

Høg resultatgrad

Resultatgraden er på heile 9,4%. Årsaka til at resultatgraden blir så høg er m.a. avsetning til fond vedr statstilskot kommunereforma for perioden 2018 – 2020 og SIO – prosjektet, samt at det i utgangspunktet var budsjettert med eit overskot på 13,8 mill. kr for 2017.

Investeringsrekneskapen er gjort opp i balanse (null).

For ordens skuld gjer vi merksam på at rekneskapen ikkje er revidert.

Kontakt

Ingrid Karin Kaalaas
Ingrid Karin Kaalaas
økonomisjef
Telefon: 56 57 50 44
Mobil: 930 87 389