Sankthans-regla(r) frå Os brann og redning

Klikk for stort bileteI år som i fjor og året før det
Hugs, så ingenting anna enn bålet brenn ned:

Du treng ikkje løyve frå oss på Brann
Men du må love å bruke din sunne forstand

Er du grunneigar der bålet skal stå?
Viss ikkje, hugs å melde ifrå

Skal bålet i eit friluftsområde brenne
må du først til Os kommune deg vende

Alle bål skal ha ein ansvarleg 
Som passar på at det ikkje blir farleg

Han må kunne ringe oss på 1-1-0
Og ikkje finne på noko tull

Sløkkeutstyr skal alle bål ha
Bøtter med vatn passar bra

Eit stort bål gir mykje glede
Men dropp lettantennelege klede!

Dersom nokon blir brent
Kjøl straks ned med masse vatn, ikkje vent!

Dersom det er behov for det,
ring så medisinsk nødhjelp på 1-1-3

Bålet skal brenne fint og heilt ned 
av pallar, avkapp og ubehandla tre

Tenk at nokon på bålet lassar
plast, boss og gamle madrassar!

Det ville jo aldri du ha funne på
men det er viktig å passe på andre nå

Bålet må vere heilt sløkt når de går frå festen
Rydd opp, ta med spikrar og plukk opp resten

Ha ein trygg og fin sankthans med moro og kos!
Helsing frå oss på Brann og redning i Os