Sjå alle dei flotte forslaga til kommunevåpen

Utstilling kommunevåpen 2 - Klikk for stort bilete Alle 6. klassingane i Fusa og Os fekk i vår invitasjon til å teikne sine forslag til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune.

Her kan du sjå alle dei innsendte forslaga i elektronisk utgåve, sorterte etter skule.

Prosjektgruppa, som består av kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen og Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune, fekk inn svært mange forslag til nytt kommunevåpen.
Forslaga vil tene som inspirasjon for dei profesjonelle kunstnarane som skal formgi det endelege kommunevåpenet. Alle dei flotte forslaga har no blitt ei utstilling i Fusa folkebibliotek og Os folkebibliotek. 

Ordførar i Os, Marie Bruarøy står for den offisielle opninga av utstillinga i Os folkebibliotek, torsdag 7. juni klokka 12. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, opnar utstillinga i Fusa folkebibliotek fredag 8. juni kl. 9.

  • Alle skuleelevane som har delteke, er sjølvsagt spesielt inviterte.
  • Prosjektgruppa vil trekke ei vinnarklasse på kvar av opningane.