Sjå dei flotte vinnarbileta frå KLEM-konkurransen!

Gnistregn KLEM 1 - Klikk for stort bilete I sommar utlyste planavdelinga i Os kommune ein fotokonkurranse på Instagram i samband med ny kommunedelplan for klima, energi og miljø, populært og forkorta kalla KLEM
Fleire hundre flotte bilete med tema klima, energi og/eller miljø blei registrerte med emneknaggen #klemos innan fristen gjekk ut 4. september.
Her kan du sjå alle vinnarbileta frå KLEM-konkurransen.

(Foto: Paulius Kumpys)

No er vinnarbileta kåra, og måndag 1. oktober fekk fotografane overrekt premiar frå varaordførar Marie Bruarøy (H).

Vinnarane er: Hjørdis Lyssand, Karete Andersen, Camilla Kaland, Paulius Kumpys, Victor Johan Johnsen, Camilla Hamre, Marie Oen og Morten Lillegraven. 

Tusen takk for alle flotte bidrag!
Det strøymer framleis på med bilete med emneknaggen #klemos, og vi ser ikkje bort frå at endå fleire bilete kan bli brukte i KLEM-planen. Fotografane vil i så fall bli kontakta direkte.