Sjå filmen om barnetråkk-kartlegginga i Os

Klikk for stort bilete Vi veit kor hjorten går, og kor elvemuslingane og augestikkarane held til. Men kor ferdast ungane våre? Og kva tenker dei om nærmiljøet sitt?

Sjå filmen om barnetråkk-kartlegginga i Os

- Kva om vi gir byggeløyve rett over ein mykje brukt snarveg eller i ein god klatreskog, rett og slett fordi vi ikkje visste om stien eller trea? seier prosjektansvarleg for barnetråkk-kartlegginga i Os kommune, Mathilde Ilper Johnsen.
Barn og unge har lovfesta rett til å bli høyrde og medverke i lokalsamfunnet.
Barnetråkk er eit digitalt verktøy og undervisningsopplegg som let barn fortelle planleggarar, kommunen og lokalpolitikarar korleis dei brukar staden der dei bur og kva dei vil ha annleis. Les meir på www.barnetrakk.no

Alle elevar i 5. og 8. trinn på skulane i Os kommune var inviterte til å vere med å registrere kor dei ferdast i kvardagen, og markere hyggelege, fine og mindre fine område dei ferdast i og forbi. Dette er viktig detaljkunnskap for alle som lagar arealplanar.