Sjå kommunestyret minutt for minutt

Klikk for stort bilete No kan du sjå direkteoverføring av kommunestyremøta i Os, via Os kommune sin eigen nett-tv-kanal. Du kan òg sjå møte i opptak, og enkelt klikke deg inn på kvar enkelt sak.

Du sjølv kan velje kva kamera du vil sjå på. Vi har eitt kamera mot talarstolen, eitt oversiktskamera over salen og eit kopla til lerretet, slik at du kan sjå eventuelle presentasjonar.

Første møte ut er kommunestyremøtet tysdag 18. desember 2018.

På saklista står mellom anna parkeringsløysing for Osøyro, budsjett 2019 og Familiens hus. Klikk her for å sjå Kommune-TV

Etter kvart vil det òg bli mogleg å sjå videooverføring frå møte i formannskapet, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet.