Skal de gifte dykk i sommar?

Klikk for stort bilete Sommaren er høgsesong for giftarmål, og kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Os. Men midt i all romantikken gjeld det å hugse på nokre praktiske ting, til dømes fristane for å sende inn dokument.
Brurepar som skal gifte seg borgarleg i Os mellom 10. juli og 25. august i år, må sende inn all påkravd dokumentasjon innan 30 juni. 
Er bryllaupsdatoen mellom 1. og 10. juli? Då må vi ha papira i hende seinast 15. juni.
Os kommune gratulerer, og ønskjer lukke til med førebuingane!