Slik blir årets 17. mai-feiring på Osøyro

Flagg 17.mai program - Klikk for stort bilete Programmet for feiringa er klart! Her kan du sjå programmet for Os sentrum og for alle krinsane i kommunen.   

Klikk for stort bilete I år stiller prosesjonen opp på grusbanen ved Os ungdomsskule, elles er ruta til 17. mai-toget lik som i fjor. Skular, barnehagar, lag og organisasjonar møter på grusbanen. Rekkefølgen i toget og oversyn over kvar alle skal stille opp blir hengt opp på bukkar. 
Ein del vegar og parkeringsplassar på og rundt Osøyro er sperra, så det gjeld å studere kartet på førehand. Parkering er merkt i kartet. 
- Vi oppmodar alle til å rekne ekstra god tid, seier 17.-mai-arrangør Stine Kobbeltvedt frå Kultureininga.

Mange fine 17. mai-teikningar

Tradisjon tru har alle 5. klassane i Os blitt inviterte til å sende inn 17.mai-teikningar. 17.mai-komiteen har plukka ut tre teikningar som er med i programmet, og dei tre teiknarane har ei lita påskjøning i vente.
- Det var ikkje enkelt å velje ut berre tre. Vi har lagt ut alle teikningane vi fekk inn på heimesida til Os kommune, her kan alle bla gjennom dei fargerike kunstverka, seier Stine Kobbeltvedt. 

Her er dei tre teikningane komiteen har valt ut til programmet. Tusen takk til Maria, 5c Kuventræ barneskule, Kine, 5c Nore Neset barneskule og Even, 5a Lunde barneskule.  

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete