Snart klart for fleire politiske strøymingar

Klikk for stort bilete I desember i fjor blei det mogleg å sjå kommunestyremøta i Os direkte på nettet. No følgjer dei politiske underutvala etter. Etter påske kan du sjå møta i Plan- og bygningsutvalet, Tenesteutvalet og Formannskapet, så lenge du har nettilgang og ein skjerm. Dette vil sjølvsagt òg gjelde i Bjørnafjorden kommune, med mindre det nye kommunestyret skulle kome på andre tankar.
Du kan følgje møta direkte eller sjå dei i opptak seinare, i sin heilskap eller utdrag frå saker du er spesielt interessert i.

Sjå møta på Os kommune-TV på oskommune.no/kommunetv

Her kan du sjå alle planlagte sendingar, i tillegg til sendingar frå tidlegare møte. Du kan òg enkelt finne fram til dei ulike sakene i møtet, slik at du ikkje treng å sjå heile sendinga.

Openheit og engasjement

- Dette gjer det mykje enklare for folk å følgje med i den politiske saksbehandlinga. Alle politiske møte er alt opne for innbyggarane, men terskelen for å møte opp som tilhøyrar er likevel høg for mange. Det handlar jo òg om kva som er praktisk for folk. Os - og Bjørnafjorden - kommune skal vere ein open kommune med gjennomsiktige prosessar. Ved å strøyme politiske utvalsmøte på nettet, håpar eg at vi styrker lokaldemokratiet og innbyggarane sitt engasjement i politiske saker, seier varaordførar i Os kommune, Marie Bruarøy (H).

Første underutvalsmøte ut er møtet i Formannskapet 30. april.