Stortinget har fatta vedtak om kommunesamanslåing

Kommunesamanslåing os og fusa - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

8.juni 2017 vart det vedtatt at Os og Fusa blir ein kommune frå 2020.  

8.juni 2017 vart det fatta vedtak i Stortinget om kommunesamanslåing. Kommunereforma er dermed eit faktum, og Os og Fusa skal slåast saman frå 1.januar 2020. Mykje har hendt i kulissane lenge før vedtaket på Stortinget. Allereie hausten 2016 vedtok Os kommunestyre og Fusa kommunestyre å sette ned ei styringsgruppe for kommunereforma. Sidan då har styringsgruppa starta arbeidet for fullt.

Kven er styringsgruppa?

Styringsgruppa består av desse frå Os kommune: ordførar Marie Bruarøy (H), varaordførar Laila Reiertsen (Frp), Helge Steinum (AP) frå opposisjonen, rådmann Christian Fotland og hovudtillitsvald Jonny Christensen.

Og desse frå Fusa kommune: ordførar Atle Kvåle (AP), Svein Lang (SP) og Aud May Boge (H) frå opposisjonen, konstituert rådmann Elisabeth Farstad og hovudtillitsvald Linda A. Lohne.

Kva gjer dei?

Styringsgruppa er i gang med å avklare praktiske spørsmål i den store jobben ei kommunesamanslåing er, fram til dei blir avløyste av ei fellesnemd hausten 2017. Mandatet til styringsgruppa er å ta stilling til nøkkelfunksjonar i samanslåinga, slik som IKT og infrastruktur, arkiv, planar, kommunikasjon. Dei skal også vurdere pilotprosjekt for samanslåing, sjå på organisering av ny kommune, og ta stilling til korleis samanslåingsarbeidet ikkje blir til eit hinder for den daglege drifta av kommunane. Styringsgruppa skal i felles kommunestyremøte 24.august 2017 presentere eit framlegg til mandat for fellesnemnda.

Kven fortset arbeidet til styringsgruppa?

Etter at Stortinget den 8.juni 2017 formelt har vedtatt ei samanslåing, opprettar kommunestyra ei fellesnemd beståande av fem politikarar frå kvar kommune. Fellesnemnda fortset arbeidet styringsgruppa innleia for full maskin. Då gir også staten pengar til arbeidet.

Kva skjer vidare i 2017?

  • 8.juni 2017 gjer Stortinget eit vedtak i saka om kommunesamanslåing mellom Os kommune og Fusa kommune. Les meir på regjeringa sine sider.
  • 15.juni 2017 vert det felles kommunestyremøte for kommunane Fusa og Os.Temaene i møtet er blant anna å rette søkjelyset på kva som trengs for å lukkast med å byggje ein ny kommune. Det vert også presentert korleis andre kommunar har arbeidd med samanslåingsprosessen. Nytt kommunenamn for den nye kommunen, samt mandat til fellesnemda er også på dagsorden.  
  • 21.juni 2017 har styringsgruppa møte der dei tar for seg Stortinget si behandling av saka, og arbeidet vidare fram mot fellesnemnda tar over frå hausten 2017.
  • 24.august 2017 kallar fylkesmannen i Hordaland inn til felles kommunestyremøte mellom kommunane Fusa og Os. Fellesnemnda vert etablert fir vidare arbeid.