Sykkel VM 2017: Tiltak og endringar i Os

Sykkel-VM vert avvikla i Bergen frå 16. til 24. september. Det er venta 500.000 tilreisande under arrangementet, noko som gjev utslag på trafikkavvikling, vegar og kollektivtilbod i Bergen og omegn. Os kommune har sett inn ekstra tiltak for å auke beredskapen.

Bergen sykkel VM 2017 - Klikk for stort bileteBergen sykkel VM 2017

Tiltak i Os kommune

Os legevakt vil ha ein ekstra sjukepleiar på i helgene på dag og kveld.

Kommuneoverlegen har bakvakt i heile perioden då VM pågår, enten på legevakta eller sjukeheimen.

Os sjukeheim utvider frå 2 – 5 senger som kan tas i bruk som øyeblikkeleg hjelp.

Jordmortenesta har tett kontakt med dei fødande i Os og Fusa. Dei vil treffe dei på Nærjordmorsenteret i løpet av vanleg arbeidstid, og på legevakta mellom kl 15-19, etter individuell avtale. Om ein treng hjelp av ein annan grunn skal ein reise til KK (Kvinneklinikken).

Heimebaserte tenester og sjukeheimen vil dimensjonere tenesta si for at utskrivingar og heimkøyringar frå sjukehus vil skje på kveld/natt.

Endringar i infrastruktur i Bergen og omegn

Endring i infrastruktur startar frå torsdag 14. september og varar til måndag 25. september. Statens Vegvesen tilrår at du gjer deg kjend med trafikksituasjonen i god tid, samt å regne med ekstra tid dersom du må køyre. Aller helst kan du nytte deg av kollektivtilbod eller anna framkomstmiddel medan arrangementet pågår.

Køyreruter

Det vert redusert kapasitet og omkøyringar på hovudvegane medan sykkel-VM pågår.

Statens Vegvesen informerer om kva vegar og tidspunkt dette gjeld på sin nettstad.

Det er også utarbeida kart over trafikksituasjonen i Bergen under sykkel-VM.

Gateparkering i Bergen

Parkering i løypetraseane er forbode døgnet rundt. Nokre andre gater i Bergen får også parkeringsforbod for å sikre framkommelegheit for buss og naudetar. Sjå Bergen kommune sin nettstad for meir informasjon.

Kollektivtilbod

Under VM vert det sett opp Shuttlebuss frå Os til Bergen sentrum. Bussane har avgang frå Osøyro og Bergen Bussstasjon perrong L kvart 20. minutt. Tilbodet gjeld vekedagar frå kl. 06-21 og laurdag og søndag kl 12-24.

Desse bussane har ingen av- eller påstigning undervegs. Billetter må kjøpast før ombordstigning.

Sjå Skyss sin nettstad for informasjon om endringar i bussrutene om du reiser kollektivt til og frå Bergen i perioden.

Fritidsbåtar

Småbåthamna i Vågen vert stengt for fri ferdsel under arrangementet. Alternativ småbåthamn vil være på Marineholmen inst i Puddefjorden. Les meir om småbåtparkering og betalingsløsning hos Bergen og Omland havnevesen.

Drosjer

Drosjer kan køyre fleire stadar enn privatbilar under sykkel-VM, mellom anna i bussfelta som opprettast. Dei fleste drosjehaldeplassane i sentrum flyttast under arrangementet. Sjå oversikt over holdeplasser under VM hos Hordaland fylkeskommune.

Program

Sykkel VM startar det ordinære programmet sitt laurdag 16. september. Sjå programmet, og kva du kan få meg deg av aktivitetar dei kommande dagane, på den offisielle nettstaden.