Ta fagbrev som helsefagarbeidar!

Klikk for stort bilete Er du mann mellom 25 og 55 år? Mottek du yting frå NAV? Kan du tenkje deg å bli helsefagarbeidar? Då kan dette vere noko for deg. 

Os kommune er med i prosjektet Menn i helse. Deltakarane får tittelen helserekrutt, og følgjer eit komprimert utdanningsløp fram til fagbrev som helsefagarbeidar. Ta kontakt med rettleiaren din hos NAV Os for å finne ut om dette kan passe for deg!
 
Informasjonsmøte på NAV Bergenhus 29. januar kl. 12-14. 
Les meir på mennihelse.no