Tenk trafikktryggleik - klipp hekkar og buskar!

Klikk for stort bileteEig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, eller ligg eigedommen din inntil eit vegkryss? Då er det ditt ansvar å sørge for fri sikt.
Fri sikt ved avkøyrsler og mot vegkryss er rett og slett livsviktig. Dårleg sikt er ein medverkande årsak til meir enn tre av ti dødsulukker på sykkel. 

Nokre greie tommelfingerreglar:  

  • Ved kryss og avkøyrsler skal vegetasjonen vere maks ein halv meter høg.
  • Buskar og tre på eigedommen din må ikkje vekse ut over fortauet og vegen. 
  • Før skulestart er det ekstra viktig at du har klipt hekken. 

Du finn regelverk og illustrasjonar både hos Statens vegvesen og i denne i denne brosjyren frå Os kommune.
Ill.foto: Statens vegvesen / Dag A. Nordsveen