Treffpunkt med plass til fleire

Klikk for stort bilete  

Treffpunkt er ein møteplass for barn og ungdommar frå 6 til 16 år, som har nokon i familien som har kreft eller som er død av kreft. For mange er det fint å møte jamnaldringar som har opplevd noko av det same.
- Vi leikar, har ulike aktivitetar og snakkar saman om det som opptek deltakarane, seier Sigbjørg Eriksson, kreftkoordinator i Os kommune.    

På sist Treffpunkt-samling var Karen Hope Nilsen frå Friskliv og meistring på besøk. Ho snakka om kva som er lurt å ete for å gi kroppen energi. Barna og ungdommane var svært kunnskapsrike, dei visste mykje om alt frå fiber til Helsedirektoratet. Alle samarbeidde om kveldens fargerike trerettarsmeny, med grønnsaksdipp til forrett, grove pizzavafler til hovedrett og kesam med frukt og smoothie til dessert.

Er Treffpunkt eit aktuelt tilbod for nokon du kjenner? Ta kontakt med kreftkoordinatoren.
Treffpunkt er ein måndag i månaden, frå klokka 17 til 19 på Luranetunet. Neste Treffpunkt er 29. april.