UNESCO sette Oselvarverkstaden på kulturarvsliste

Båtbyggjarar Leif Harald Amundsen (t.v.), Berit Osmundsen og Stig Salbu Henneman - Klikk for stort bileteBåtbyggjarar Leif Harald Amundsen (t.v.), Berit Osmundsen og Stig Salbu Henneman Erlend A. Lorentzen / Os kommune Addis Abeba: På eit møte i hovudstaden i Etiopia torsdag tok UNESCO inn Oselvarverkstaden på vernelista for immateriell kulturarv, som første nordiske innslag.

— Eg kan ennå ikkje tru at me har fått vernestatus. Vegen dit har vore lang, og det er vanskeleg å tru på at det faktisk har skjedd, seier båtbyggjar og dagleg leiar i Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen.

Det var i 2015 at Kulturdepartementet nominerte Oselvarverkstaden til UNESCO-lista Best Safeguarding Practices, som har som hensikt å hindre viktige metodar og praksis frå å gå tapt. Før møtet denne veka var det berre 12 oppføringar på lista. Det er altså den gamle kunsten å bygge oselvarar, som sidan 1997 har vore røkta av Oselvarverkstaden i Os, FN-organisasjonen vernar. Også bruken og kulturen kring trebåten er del av verninga.

Stiftarane er stolte

Os kommune og Hordaland fylkeskommune står bak stiftinga Oselvarverkstaden, der den viktigaste oppgåva er å vidareføre tradisjonshandverket mellom anna ved å ta inn lærlingar i båtbyggjarfaget. Os-ordførar Terje Søviknes er i ekstase over UNESCO-statusen:

— Oselvaren er kanskje den viktigaste identitetsberaren i Os. Verninga gir store moglegheiter for å utvikle Oselvarverkstaden vidare, og for Os som internasjonalt reisemål. Dette er ein merkedag for kommunen vår, seier han.

— Gjennom 20 år har Hordaland fylkeskommune bidratt med midlar til Oselvarverkstaden, og løyvingane har auka jamt og trutt. I framlegg til budsjett for 2017 er tilskotet på over 1,5 millionar kroner. At Oselvarverkstaden no kjem med på vernelista for immateriell kulturarv, visar at grepa Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag tok på 90-talet var framtidsretta. I dag er vi stolte, og vi gratulerer Oselvarverkstaden, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Produserer båtar og kunnskap

Den klinkbygde trebåten frå områda rundt Bjørnafjorden har tusen år gamle røter. Oselvaren vi kjenner i dag, har vore i bruk sidan 1800-talet, og kunnskapen om korleis du bygger ein, går i arv frå meister til svein. Båtbyggjartradisjonen i Os er dokumentert 250 år tilbake. Oselvarverkstaden har samla og ført vidare ein kompetanse som er unik i verda. No også offisielt.

Byggeprosessen startar med at båtbyggjaren dreg ut i båtaskogen og feller eigna tre. I verkstaden er øks og høvel dei viktigaste verktøya, og sjølv måla byggjarane brukar, er ein eigen vitskap. Før verkstaden leverer ein båt, held byggjarane båtslakt, det vil seie ei kritisk vurdering av kvarandre sitt handverk. Oselvarverkstaden produserer såleis først og fremst båtbyggjarar, dernest båtar. I dag er dei fire båtbyggjarar i Oselvarverkstaden, som alle er lærte opp der.

Held faget i live

Berit Osmundsen er glad for at faget hennar får auka status og at dei fire båtbyggjarane får ei anerkjenning på at dei representerer noko som er større enn dei sjølv.

— Det er klart at det ikkje er nokon som må kjøpe seg ny færing for å brødfø familien sin lenger. Men sivilisasjonen vår er bygd på sjøfart, som oselvartradisjonen er ein stolt og viktig del av. Vi må ta med oss historia inn i framtida, seier ho.

Heile torsdag var Osmundsen og kollegaane hennar noko distraherte. Dei venta svar på nominasjonen i løpet av formiddagen, men UNESCO-møtet drog ut. Like før klokka 21 norsk tid kom gladmeldinga frå Afrika. No skal båtbyggjarane fordøye både kake og det at ein UNESCO-komité  med representantar frå 24 land gjekk gode for plassen deira i historia.

Kontaktpersonar

Berit Osmundsen, båtbyggjar og dagleg leiar i Oselvarverkstaden - 957 05 824
Terje Søviknes, ordførar i Os kommune - 906 11 503

Båtbyggjarane Berit Osmundsen (t.v.), Stig Salbu Henneman og Leif Harald Amundsen | Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Os kommune Båtbyggjarane Leif Harald Amundsen, Berit Osmundsen og Stig Salbu Henneman | Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Os kommune Båtbyggjar og dagleg leiar Berit Osmundsen | Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Os kommune Båtbyggjarane Leif Harald Amundsen, Berit Osmundsen og Stig Salbu Henneman | Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Os kommune Oselvar | Fotograf: Øyvind Gjerde / Os kommune

Bilda kan brukast fritt.
(Kreditering for portrettbilda: Erlend A. Lorentzen / Os kommune)
(Kreditering for bildet av oselvaren: Øyvind Gjerde / Os kommune)

Kontakt

Terje Søviknes
Terje Søviknes
ordførar (permisjon)
Telefon: 56 57 50 32
Mobil: 906 11 503
Berit Osmundsen
Berit Osmundsen
Dagleg leiar Oselvarverkstaden
Mobil: 957 05 824