Utvida parkeringstilbod for bubilar i Os

Os Hamn aukar kapasiteten for parkering av bubilar i helgene denne sumaren
Bubilparkeringskilt1 - Klikk for stort bilete

Tilbodet om bubilparkering ved moloen ytst i Hamnevegen har blitt ein kjempesuksess. Tidvis er det fullt her, og gjestar som besøker kommunen med bubil, slit med å finne egna parkeringsplass.
Ordførar, Marie Elisabeth Lunde Bruarøy, har difor på oppmoding teke til orde for at delar av parkeringsplassen nord for Essostasjonen, skal øyremerkast bubilar i helgene i sumar.

 

Bubilparkeringskilt2 - Klikk for stort bilete

  • Den nye PopUp-parken har allereie blitt eit samlingspunkt for fleire brukargrupper, og parken si utforming vil ha stor apell òg til besøkande til Os. I samband med opninga av PopUp-parken, såg eg og andre som var til stades at desse p-plassane ville eigna seg godt til bubil-gjestar. Eg har difor teke initiativ til at parkeringsplassane frå PopUp-parken, langs sjøen inn mot brua, skal verte fristilte/øyremerkte for bubilar i helgane i sumar. Tilbodet gjeld frå fredag kveld til mandag morgon. Det kjem opp skilt om dette om kort tid.

Båteigarar som kjem til Os sjøvegen, kjenner nok allereie godt til Os gjestehamn sin mobil-app, «GoMarina». Med denne kan ein på ein enkel måte betale for straum som ein har behov for. Denne appen skal sjølvsagt òg gjestar med bubil kunne nytte seg av.

  • Med fristilte parkeringsplassar og ein app som gjer det særs enkelt å få betalt for straumbruken, så skal no alt ligge til rette for at bubilturistar skal føle seg velkommen til Os i sumar. Med den nye, spennande PopUp-parken, undervass-web-kameraer i hamna, trådlaust, gratis internett og det vakre fjordlandskapet som kuliss, så ligg alt til rette for å utforske og nyte både natur- og kulturbaserte aktivitetar og opplevingar.
    Gå inn på http://www.osgjestehamn.no/ og sjekk kapasiteten på både bubilparkeringane og i hamna! Desse bileta frå web-kamera er til ei kvar tid oppdaterte!
    God sumar, både til fastbuande og besøkande!