Velkomen til idédugnad: Fortel oss korleis helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden bør vere

Klikk for stort bilete Vi treng ditt perspektiv, dine erfaringar, innspel og idear for å gjere helse- og velferdstenestene betre og meir treffsikre for brukarar og pårørande i den nye kommunen. 
Kva er viktig for deg? 
Du er med dette invitert til idédugnad for helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden kommune.
Kommunalsjef for Helse og velferd, leiarar og andre representantar for dei ulike tenestene vil stå på stand for å lytte, svare og lære.

 

  • Tysdag 4. juni i Eikelandsfjorden samfunnshus i Eikelandsosen, kl. 18-20.
  • Torsdag 6. juni i Tunet kyrkje- og kultursenter på Os, kl. 18-20.

Vel møtt! Vi gler oss til å høyre frå deg!