Velkomen til markering av den internasjonale eldredagen

Klikk for stort bileteTysdag 1. oktober kl. 12.00 inviterer Os eldreråd seniorar frå Fusa og Os til samling i Os eldresenter for å markere FNs internasjonale dag for eldre.
Ordførar Terje Søviknes held opningstale, og kommunalsjef Monica Totland Melvold orienterer om "Omsorgstrappa". Ella Marie Brekke Vangsnes kåserer om gamle Ous herred, før programmet blir runda av med lunsj og hyggjeleg samvær. 
Du kan kjøpa billett i Os eldresenter måndag, onsdag og fredag mellom kl. 10 og 14, eller hos Bjørn Sivertsen i Os eldreråd på tlf. 913 83 884. Pris: kr 100. Vel møtt!