Velkomen til oppstartmøte for Brystkreftforeininga Bjørnafjorden

Klikk for stort bilete

Måndag 7. januar klokka 18.00 blir det oppstartmøte på Kuhnletunet dagsenter. Møtet er for deg som har eller har hatt brystkreft, eller som er berar av BRCA1/BRCA2. Pårørande er òg velkomne. (Foto: Steffen Aaland/Kreftforeningen)

Brystkreftforeininga Bjørnafjorden blir Kreftforeningen sitt første lokallag i Os og Fusa. Kreftkoordinator i Os kommune, Sigbjørg Eriksson, har vore med i oppstartfasen. No overlèt ho det vidare arbeidet med foreininga til initiativtakarane. Les intervju med initiativtakar Iselin Bustadmo Baldersheim på midtsiden.no.

Målet er at Brystkreftforeininga Bjørnafjorden skal vera ein positiv møtestad for alle i Os og Fusa som er berørte av brystkreft. Pårørande er òg velkomne. Foreininga vil arrangera samlingar og møte med aktivitetar som medlemmene ønskjer seg, t.d. turar, temamøte og kurs.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Os kommune, Monica Totland Melvold, opnar møtet.