Førjulsstemning på Osøyro to helgar på rad

Klikk for stort bileteFredag 29. november er det fakkelfredag på Os, med tenning av julegrana på Torget klokka 17 og opning av Pepparkakebygdo klokka 18. 
Helga etter, 6.–8. desember, blir det førjulsstemning i alle krikar og krokar på Osøyro, når Os kommune, Os kyrkjelyd og Os sentrumsforening samarbeider om å arrangere Julemarknadsdagane 2019. Her kan du sjå heile programmet for helga (PDF, 2 MB), med klokkeslett og kart som syner kvar du finn Pepparkakebygdo, nissane i Borgstovo, julegåveverkstad, kunstutstillingar, konsertar og julemarknad. God fornøyelse! (Foto: Midtsiden)