Vellukka UKM for Os og Fusa

Klikk for stort bileteBlooming bruises i aksjon under UKM i Fusa, laurdag 9. mars. (Foto: Os og Fusaposten)Laurdag 9. mars blei det for sjuande og siste gong arrangert felles UKM for Os og Fusa. Neste år er vi saman i Bjørnafjorden kommune! Det blei eit feiande flott program med lokal ungdom i fri og kreativ utfalding. Neste stopp for fleire av deltakarane er fylkesfestivalen i Oseana 5.-7. april.

Les meir om arrangementet og kven som skal vidare til fylkesfinalen på Fusa kommune si heimeside.

UKM er ein nasjonal kulturfestival for ungdom med lange tradisjonar både i Os og Fusa. For andre gong inviterte Fusa osingane over fjorden til mønstring. Dei som tok turen til Eikelandsfjorden samfunnshus denne laurdag ettermiddagen fekk ei sterk kulturell oppleving. Publikum fekk sjå at lokal ungdom er kreative i både kunst, dans, film og musikk og ikkje minst dyktige arrangørar.