Venneveko 2019

Klikk for stort bilete  Ver ein ekstra god venn mellom 24. oktober og 3. november! Då går nemleg Venneveko 2019 av stabelen, med mange ulike arrangement og aktivitetar i vennskapens teikn.

Kva med å ha ein hemmeleg venn på arbeidsplassen, skulen eller barnehagen? Det er mykje vi kan gjere for å vise andre godheit og omsorg, berre fantasien set grenser.

Venneveko 2019: Dette skjer

Torsdag 24. oktober - søndag 3. november.

Torsdag 24. oktober:

  • kl. 17-19.00 Språkkafe i Storsalen i Tunet kyrkje- og kultursenter og kleskarusell.
  • kl. 18-18.30  Musikk-/dansegruppe for barn. 
  • kl. 20-22.00 Foredragskonsert med Marthe Valle i Storsalen Tunet. Tema: RO/URO - om vennskap og relasjonar til oss sjølve og andre. Billett kr 200 ved  inngang eller på hoopla.no.

 

Måndag 28. oktober:

  • kl. 10-16.00: "Pop up-møteplass" på Amfi Os. Slå deg ned og ta ein prat med oss på "torget" på senteret.
  • kl. 13-15.00: "Pop up-møteplass" i Os sentrum. Møt oss for ein prat på veg heim frå skulen, jobb, shopping eller på veg til bussen. Få deg ein kopp kaffi eller kakao.
     

Tysdag 29. oktober:

Onsdag 30. oktober:

  • kl 17-20.00: Lansering av "Skravlekoppen". Vi blir den første "skravlekopp-kommunen" på Vestlandet. Artist og Skravlekopp-gründer Venke Knutson kjem og held eit musikalsk lanseringsforedrag. Fjordfolk lanserer konseptet "Fuelbox". Tunet. Gratis. Ope for alle.
  • kl 10-16.00: "Pop up-møteplass" på Amfi Os Slå deg ned og ta ein prat med oss på "torget".
     

Torsdag 31. oktober:

  • kl 11.30-14.00: "Senior Koinonia" i Eldstova i Tunet. Sokneprest Gunnar Kolaas kjem på besøk, og Hymnos syng. Matservering. Ope for alle seniorar
  • kl 17-19.00:  "Hallo venn" for 12-13-åringar. Ver med å spreie glede i sentrum! Vi deler ut snop, frukt og bollar. Kle deg ut om du vil.
  • kl 19-21.00: "Godheit i sentrum". Ope hus for ungdom i Tunet. Vi serverer frukt, snop, popcorn og enkel kvelds. Kle deg ut om du vil.

 

Fredag 1. november:

  • kl 11- 14.00: Ope hus i Frivilligssentralen, Gamle kommunehuset. Skravlekopp og sveler. Ope for alle i alle aldrar.
  • Kl 13-15.00: "Pop up-møteplass" i sentrum. Møt oss for ein prat på veg heim frå skulen, jobb, shopping eller på veg til bussen. Få deg ein kopp kaffi eller ein kakao.


Laurdag 2. november:
Talentkonkurranse for barn opp til 16 år. Blir arrangert i det store teltet i Os sentrum som skal riggast i samband med oktoberfesten.
Om du eller nokon du kjenner har eit talent i noko, vil vi gjerne sjå deg på talentkonkurransen.
Vinnarane blir premierte med gåvekort.

Påmelding til jeanett@ossentrum.no
 

Søndag 3. november:

  • kl 11.00: Helgemessegudsteneste i Os kyrkje. Kyrkjekaffi i Eldstova i Tunet.
  • kl 11.00: Minnegudsteneste i Nore Neset kyrkje. Kyrkjekoret syng.
  • kl 17-18.30: Lys i mørket. Stad: Kyrkjeflaten. Vi fyrer i bålpanna, tenner lyslenker og minnest dei vi har mista. Ta med deg ein venn og kom. Det blir også rom for samtale med fagpersonar.
  • kl 19.00: Minnegudsteneste i Os kyrkje ved prestane i kyrkjelyden i Os. Musikalske innslag ved Os Vocalis.
     

Andre tilbod og aktivitetar:

Gjennom heile veka frå måndag 28. oktober til fredag. 1 november er det 2 for 1 på Osbadet. Ta med deg ein venn!
Os Amfi inviterer til brettspel på torget i senteret gjennom heile veka.

Venneveko blir arrangert i samarbeid mellom Os kyrkjelyd, Os sentrum og Os kommune