Vil du bidra til å redusere matsvinnet?

Norske myndigheiter og ei rekkje organisasjonar i den norske matbransjen har sett seg mål om å redusere matsvinnet med 50% innan 2030. Som eit leidd i dette vert verksemder og forbrukarar i Os oppfordra til å bidra til denne målsetjinga.

matsvinn illustrasjon - Klikk for stort biletematsvinn illustrasjon

I verda vert ein tredjedel av all produsert mat øydelagt eller kasta. I Noreg kastar kvar forbrukar i snitt 42 kg eteleg mat kvart år. Den tapte verdien av det vi kastar av mat i Noreg vert rekna til 20 milliardar kroner. 

Kva kan du bidra med?

For å redusere matsvinn kan du som forbrukar eller leiar i ei verksemd gjere mykje. Om du ynskjer meir informasjon om kva du kan gjere finst det fleire nyttige nettstadar.

Nettstaden matvett.no er forbrukarane sin nettstad. Denne gjev tips og oppskrifter på god restemat, haldbarheit for ulike råvarer, kva som er skilnaden mellom «best før» og «siste forbruksdag», riktig oppbevaring av ulike råverer, og korleis du kan planlegge innkjøp og måltid for å kaste mindre.

Nettstaden matsvinn.no er nyttig for verksemder som ynskjer å redusere matsvinnet. Denne inneheld ein rettleiar som gjev kvalifiserte råd kring kartlegging og tiltak mot matsvinn. Denne rettleiaren er er utarbeida slik at verksemder enklare kan identifisere sine utfordringar, og korleis ein kan løyse desse utfordringane, på sin arbeidsstad. 

Det finst også ei rekkje appar for mobil som har som mål om å redusere matsvinnet. 

Mindre matsvinn er "vinn vinn"

Om ein bidreg til å redusere matsvinnet vil ein spare både miljøet og lommeboka. Mindre matsvinn er derfor ein vinn vinn-situasjon, både for forbrukarar, men også for verksemder i Os.

Her kan du lese bransjeavtalen frå 2017 som oppfordrar til mindre matsvinn.