Webkamera i Os gjestehamn - over og under vatn

Os gjestehamn - Klikk for stort bilete Fire kamera er no plasserte rundt om i Os hamn: Ytre molo, Oseana/Os marina, Indre molo og på vestsida av brua. Målet er at båtfolket enkelt skal sjå kor det er ledig båtplass før anløp. Kameraet på Ytre molo står retta mot bubilparkeringa på Haugsneset, slik at bubil-/caravanfolket òg kan sjekke om det er ledig plass.

Bileta frå desse kamera er såkalla "timelapse"-kamera, som tar bilete kvart 15. minutt. Dei har lang lukkartid, så alle personar, dyr eller objekt i rørsle, kjem ikkje med.

Under Osbrua har vi plassert eit undervasskamera, slik at du kan følgje med på laksen og andre undersjøiske vesen live, minutt for minutt. 

Sjå webkamera i Os gjestehamn

Varde  har levert kamera og løysing.