Skip Navigation LinksFor tilsette > Osbygda > Oselvaren

Oselvaren - om båten og båtbyggjartradisjonen

Om båten og båtbyggjartradisjonen

Oselvaren er ein tradisjonell småbåttype som har vore bygd og brukt på våre kantar, det vil seia fyrst og fremst kysten av Hordaland, i uminnelege tider. Båttypen er den av dei norske tradisjonsbåtane som har mest til felles med småbåtane som vart funne saman med Gokstadskipet. Båten er lett kjenneleg på dei tre breie bordgangane, noko han har hatt til felles med andre båttypar frå Ryfylke til Bergen. Han er lett å ro og god å segla, ein sikker sjøbåt som var slik fiskarane på Hordalands-kysten ville ha han.

Oselvar med segl

Den eldste dokumentasjonen

Den eldste dokumentasjonen på båtbygging i Os har me frå kring 1520, då det vart seld båtar frå Os til Bergen. Kring 50 år seinare byrja eksporten av båtar over Nordsjøen til Shetland, Orknøyane og Skottland. Shetland vart den viktigaste marknaden av desse, og båten vart etter kvart kalla Hjeltebåt, etter det gammalnorske namnet på Shetland - Hjaltland. I hundreåret som følgde var båteksporten ei viktig næring i Os (og nabobygda Tysnes, på andre sida av Bjørnefjorden), og båtbygginga vart største næringa etter jordbruk og fiske. Etter ein periode med lite båtbygging tok næringa seg opp att andre halvdelen av 1700-talet. Då stod naboane Lars og Jørgen Tøsdal i nausta sine ved Oselva på Osøyro og bygde, og var vidkjende for båtane sine. Då fekk båten namnet sitt: Oselvar, båten som vart bygd ved Oselva. Mange frå heile bygda gjekk i lære hos Lars og Jørgen, og på kort tid var båtbygginga på nytt viktigaste næringa i bygda etter primærnæringane. Frå Lars og Jørgen Tøsdal og fram til i dag kjenner me namnet på kring 250 båtbyggjarar i Os.

Den andre gullalderen

1800-talet vart den andre gullalderen for båtbygginga i Os. Oselvaren vart viktigaste fiskebåten på heile Hordalands-kysten, og i dei ytre stroka vart han brukt til alt, frå profesjonelt fiske og heimefiske til transport av folk og varer. På 1900-talet kom det to store utfordringar: Like etter hundreårsskiftet tok fiskarane til å bruka større båtar, etter kvart med motor. Dette tok mykje av marknaden frå småbåtbyggjarane, men ikkje heile. Det var framleis stor bruk for små robåtar til transport og heimefiske, og etter kvart til fritidsbruk. Den andre store utfordringa kom kring 1960, då dei tok til å byggja båtar i glasfiberarmert plast. Trebåtbyggjarane kunne ikkje lenger konkurrera, og næringa heldt på å døy ut. Dei fleste andre stader i landet var tradisjonskunnskapen borte. Båtbyggjarane hadde tilpassa seg marknaden og satsa på andre, meir moderne båttypar. I Os var det nokre få som held fram som dei alltid hadde gjort, og dermed berga dei tradisjonskunnskapen.

 

Nasjonalbåten

Sommaren 2009 gjennomførte Redningsselskapet ei kåring av den norske nasjonalbåten. Oselvaren vart kåra til Noregs nasjonalbåt, i konkurranse med Nordlandsbåten, Åfjordbåten, Redningsskøyta og Hurtigruta med fleire. Viktigaste grunnen til at Oselvaren skal vera nasjonalbåten er nok at han meir enn nokon annan småbåttype ber med seg tradisjonskunnskap som m.a. set båtbyggjaren i stand til å byggja båten tilpassa det han skal brukast til, og ikkje minst at han framleis vert bygd og har ei svært lang, samanhengjande historie. Ein liten kuriositet er det at arkitekten til den store skøytehallen på Hamar, Vikingskipet, hadde Oselvaren som inspirasjon då han teikna hallen.

Publisert av Sigrun Bukkholm. Ansvarleg Kulturavdelinga v/Åsmund Lien. Sist endra 12.08.2014 av Intraadministrator

Aktuelt

Os kommune, pb 84, 5202 Os      Besøksadresse: Torggata 7 (Rådhuset)      Tlf. 56 57 50 00, Fax 56 30 75 26 Send e-post
padlock