Beredskapsarbeidet i Os kommune

Vi jobbar kontinuerleg med beredskap i Os kommune. Vi utarbeider planar og risikoanalysar, og gjennomfører øvingar for å kunne mobilisere så raskt og effektivt som mogleg dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.

 

I denne risiko- og sårbarheitsanalysen (PDF, 9 MB) kan du lese om beredskapsnivået i kommunen i dag, og kva tiltak vi vil gjennomføre for at kommunen vår framleis skal vere trygg å bu og ferdast i.

Kommunal kriseleiing

Rådmann og ordførar har ansvar og fullmakt til å etablere, koordinere og leie tiltak for å hindre tap av liv, beskytte innbyggarar og normalisere situasjonen raskast mogleg.

Beredskapsplan

Os kommune har utarbeida ein beredskapsplan for å handtere ulykker og katastrofar. 

Beredskapsråd

Eit samarbeidsorgan for kommunale og statlege myndigheiter, det private næringsliv og frivillige lag og organisasjonar. Rådet skal vere eit forum for informasjonsutveksling mellom eksterne samarbeidspartar og krise- og beredskapsleiinga i kommunen.

Beredskapsrådet skal koordinere iverksetting av tiltak i krisesituasjonar. Beredskapsrådet har møte ein gong i året, på ordføraren sitt initiativ.

Nød- og vakttelefonar i Os kommune

Personar som er døve eller har nedsett høyrsle- og/eller taleevne kan sende sms i ein nødsituasjon.
Les om den nye tenesta "Nød-sms" på Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredsskap (DSB) sine nettsider.