Beredskapsarbeidet i Os kommune

Vi jobbar kontinuerleg med beredskap i Os kommune. Vi utarbeider planar og risikoanalysar, og gjennomfører øvingar for å kunne mobilisere så raskt og effektivt som mogleg dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.

I denne risiko- og sårbarheitsanalysen (PDF, 9 MB) kan du lese om beredskapsnivået i kommunen i dag, og kva tiltak vi vil gjennomføre for at kommunen vår framleis skal vere trygg å bu og ferdast i.

Kommunal kriseleiing

Rådmann og ordførar har ansvar og fullmakt til å etablere, koordinere og leie tiltak for å hindre tap av liv, beskytte innbyggarar og normalisere situasjonen raskast mogleg.

Beredskapsplan

Os kommune har utarbeida ein beredskapsplan for å handtere ulykker og katastrofar. 

Beredskapsråd

Eit samarbeidsorgan for kommunale og statlege myndigheiter, det private næringsliv og frivillige lag og organisasjonar. Rådet skal vere eit forum for informasjonsutveksling mellom eksterne samarbeidspartar og krise- og beredskapsleiinga i kommunen.

Beredskapsrådet skal koordinere iverksetting av tiltak i krisesituasjonar. Beredskapsrådet har møte ein gong for året, på ordføraren sitt initiativ.

Viktige telefonnummer

Nødnummer

110 Brann
112 Politi
113 Medisinsk nødhjelp

 

56 57 50 00 Os kommune, sentralbord i kontortid
915 68 590 Vakthavande brannbefal, utanom kontortid