Bustadtilsyn og feiing

Kvifor treng vi feiing og tilsyn?

  • Brannvesenet sørger for feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
  • Kor ofte ein skal feie blir fastsett ut frå behov, ut frå oppvarmingssystemet i bustaden og kor mykje sot det er i pipeløpet.
  • Målet er å redusere risiko for brann.
  • Feiing og tilsyn skal sikre bebuarar etter gjeldande lover og forskrifter.

Tilsyn med bustad

Ein i hushaldninga må vere heime ved tilsyn. Kan du ikkje vere heime, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne bustaden godt.

Har du bytta eldstad sidan sist, må dokumentasjon på utføring leggast fram.

Når vi kjem heim til deg sjekkar vi røykvarslarar, slokkeutstyr og rømmingsvegar. Vi sjekkar også om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar. Dårleg vedlikehald og feil montering av fyringsanlegg kan føre til helsefare og i verste fall brann. I tillegg kan vi gi deg råd i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og brannsikkerhet i heimen.

Etter besøket får du ein tilsynsrapport.

Når kjem feiaren?

Brannvesenet bruker sms, mail og postvarsling. Du må sjekke at Folkeregisteret har riktige opplysningar om deg, ettersom varslingssystemet hentar opplysningane derfrå.

Dette må du huske før feiaren kjem

  • Steng sotluker og spjeld og sørg for at eldstaden er forsvarleg lukka. Sotluke må vere tilgjengeleg for inspeksjon.
  • Ved feiing frå tak må stige leggast fram.
  • Du må sørge for at feiaren kjem til og kan feie heile fyringsanlegget (skorstein, peis, eldstad, parafinomn, eventuelt anna anlegg).
  • Du må ikkje fyre den dagen det er tilsyn.

Kontakt

Jan Olav Birkeland
Fagleiar, feiar og tilsynsavdelinga
Telefon: 56 57 53 45
Mobil: 982 34 449
Hans Marius Hauge
Feiar
Telefon: 56 57 53 42
Mobil: 982 34 452
Joakim Janssens
Hjelpearbeidar, feiar og tilsynsavdelinga
Mobil: 476 57 435