Registrering av eldstad i fritidsbustader

Ei ny forskrift om brannførebygging tråtte i kraft 1. januar  2016. Denne forskrifta inneberer at fritidsbustader no er omfatta av feie- og tilsynstenester på same måte som heilårsbustader.

Os brann- og redningsvesen har starta arbeidet med å kartleggje og oppdatere informasjon om fritidsbustader i kommunen. For å kunne ta vare på brannsikkerheita i din fritidsbustad, treng vi nokre opplysningar. 

Slik går du fram for å sende oss informasjon

Ver vennleg å fylle ut det elektroniske skjemaet «Fritidsbustad-registrering av eldstad» 
Har du ikkje høve til å svare elektronisk? Ring oss på 56 57 53 55 / 56 57 53 45 / 56 57 53 46, så sender vi skjemaet i posten.

Stemmer det ikkje at du eig fritidsbustad i Os, eller har du andre spørsmål?
Ta kontakt med oss på telefon 56 57 53 55/ 56 57 53 45 / 56 57 53 46  eller e-post feiar@os-ho.kommune.no.