Søk eller meld frå om eldstad og skorstein

Skal du føre opp ny skorstein eller rehabilitere eldre skorstein, er dette søknadspliktig. Skal du derimot berre montere eldstad, treng du ikkje søkje om løyve.

Planlegg du å installere ei meir effektiv og miljøvenleg oppvarmingskjelde? Sjekk om du kan få støtte frå Enova.

Ved installasjon av eldstad i eksisterande bustad 

Skal du skifte omn, installere, endre eller reparere ein eldstad i eksisterande bygg, treng du ikkje søkje kommunen på førehand, men kommunen skal ha tilsendt eigenerklæring «Melding om installasjon av eldstad». Dette skjemaet finn du her på sida. Det skal underskrivast av montør/kontrollør.

Det er ikkje formelle krav til at kvalifisert person skal utføre ein uavhengigkontroll når ein har gjort nemnde endringar, men det skal utførast kontroll av ein uavhengig person.

Meld frå om installasjon av eldstad
NB! Melding om installasjon av eldstad og kontrollerklæring er i same skjema. 

Ved installasjon av eldstad i nybygg

Du må søkje om å installere eldstad i nybygg før du begynner. Vi vil rå deg til å få hjelp frå kvalifiserte fagfolk til både søknad og installasjon av eldstaden.

a) Søk om installasjon av eldstad (PDF, 28 kB)

Når du har installert eldstad og fått han kontrollert, må du melde frå til kommunen slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.
Det er ikkje formelle krav til at kvalifisert person skal utføre ein uavhengigkontroll når ein har gjort nemnde endringar, men ein uavhengig person skal utføre kontroll.

b) Meld frå om installasjon av eldstad

Ved oppføring/rehabilitering av skorstein

Du må søkje om oppføring/rehabilitering av skorstein før du begynner. Det er ingen formelle krav til den som skal føre opp skorsteinen, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Dersom du skal rive skorstein må du kontakte Byggesaksavdelinga hos kommunen.

Søk om oppføring av skorstein (PDF, 25 kB)

Kor skal du sende søknad og/eller melding?

  • Melding om installasjon av eldstad, inkludert kontrollerklæring, skal sendast elektronisk.
    Meldinga vil då automatisk bli registrert i vårt sak-/arkivsystem og påført sakshandsamar.
  • Søknadsskjema (eldstad og skorstein)  kan sendast som e-post til postmottak@os-ho.kommune.no eller i brev til Os kommune, postmottak, postboks 84, 5202 Os.

Kontakt

Ana Monica Costa
Os brann og redning
Telefon: 56 57 53 57