Søk om vrakpant for gamal eldstad

Alle som byter ut ein eldstad frå før 1998, kan søke om å få 2000 kroner i vrakpant.

Os kommunestyre sette i budsjettet for 2019 av ein pott på kr. 100 000,- til vrakpant på eldre, ikkje-reintbrennande eldstader. Vrakpanten er på kr 2000,- per eldstad, og søknadane blir behandla fortløpande inntil potten er brukt opp. 

Kven gjeld dette for?

Vrakpanten gjeld eldstader som blir skifta ut etter 1. januar 2019. Du kan søke dersom du har erstatta ein eldstad som ikkje er reintbrennande, det vil seie opne peisar, oljefyrte eldstader og ved- og koksomnar installert før 1998. Du søker om vrakpanten etter at du har skifta ut eldstaden.

Ta vare på kvitteringa!

Sjølve søknaden om vrakpant er del av det elektroniske skjemaet «Melding om installasjon av eldstad».  Saman med skjemaet må du laste opp kvittering på kjøp av den nye eldstaden, og kvittering frå BIR eller montør på at den gamle eldstaden har blitt innlevert.

Slik søker du

Melding om installasjon av eldstad.  

Kontakt

Ana Monica Costa
Os brann og redning
Telefon: 56 57 53 57