Søk om installasjon/fjerning av oljetank med kapasitet til å oppbevare 3200 liter olje eller mindre

Kommunen har forureiningsmyndigheit for nedgravde oljetankar. Du som grunneigar har ansvar for oljetanken, og for å sikre at tanken er i god stand. Du er òg ansvarleg for skadar som ein eventuell oljelekkasje frå tanken kan føre til. 

Dersom du har ein oljetank med kapasitet  til å oppbevare 3200 liter olje eller mindre, må du følgje reglane under for å hindre forureining frå oljetanken. Reglane er heimla i forureiningslova og plan og bygningslova.

Skal du installere eller rive/fjerne ein oljetank?

Ta kontakt med Byggesaksavdelinga for meir informasjon om korleis du går fram: Telefon 56 57 50 00 eller e-post:byggesak@os-ho.kommune.no

Er det ikkje mogleg å grave opp oljetanken?

Du er ikkje pålagt å søkje om dispensasjon frå krav om å grave opp oljetank med kapasitet til å oppbevare 3200 liter olje eller mindre. Men som grunneigar pliktar du å unngå forureining.

Ein oljetank som permanent skal takast ut av bruk, bør tømmast og gravast opp. Det er berre ved å grave opp tanken at du kan vere heilt sikker på å unngå forureining frå tanken i framtida.
Alle tankar inneheld restolje. I tillegg kan lekkasjar, overfyllingar og liknande ha resultert i oljesøl under tanken. Denne olja kan spreie seg over tid. Eit firma som er godkjent for handtering av brennbart avfall bør syte for at tanken er rein og tom for gass ved levering til avfallsmottak.

Uavhengig av om kommunen har vedtatt ei lokal forskrift eller ikkje, har kommunen uansett forurensningsmynde for nedgravde oljetankar. Det er eigar av bygget (grunneigar) som har ansvar for oljetanken, og for å sikre at oljetanken er i trygg stand. 
Eigar er ansvarleg for skadene ein oljelekkasje forårsakar dersom tanken går lekk. 

I tillegg til at alle tankar inneheld restolje, kan det òg vere oljesøl innunder tanken, som følge av lekkasjar som alt er oppstått, tidligare overfyllingar og liknande. Denne olja kan spreie seg over tid. Difor er det tilrådd at du brukar eit firma som kan handtere brennbart avfall på en sikker måte, og sørge for at tanken er reingjort og gassfri ved levering til mottak. 
Det er berre ved å grave opp tanken at du kan vere heilt sikker på å unngå forureiningsfare i framtida. 

Kontakt

Jan Olav Birkeland
fagleiar feiar
Telefon: 56 57 53 45
Mobil: 982 34 449
Ana Monica Costa
Os brann og redning
Telefon: 56 57 53 57