Søk eller meld frå om oljetank med kapasitet til å oppbevare meir enn 3200 liter olje

Kommunen har forureiningsmyndigheit for nedgravde oljetankar. Du som grunneigar har ansvar for oljetanken, og for å sikre at tanken er i god stand. Du er òg ansvarleg for skadar som ein eventuell oljelekkasje frå tanken kan føre til. 

Dersom du har ein oljetank med kapasitet til å oppbevare meir enn 3200 liter olje, må du følgje reglane under for å hindre forureining frå oljetanken. Reglane er heimla i kapittel 1 av  forureiningsforskrifta.

Skal du installere, rive eller sanere ein oljetank? 

Meld frå til oss på dette skjemaet èin månad før arbeidet startar.  (PDF, 39 kB)

Ein oljetank som permanent skal takast ut av bruk, skal tømmast og gravast opp. Det er berre ved å grave opp tanken at du kan vere heilt sikker på å unngå forureining frå tanken i framtida.
Alle tankar inneheld restolje. I tillegg kan lekkasjar, overfyllingar og liknande ha resultert i oljesøl under tanken. Denne olja kan spreie seg over tid. Eit firma som er godkjent for handtering av brennbart avfall bør syte for at tanken er rein og tom for gass ved levering til avfallsmottak.

 

Er det ikkje mogleg å grave opp oljetanken?

I særlege tilfelle kan kommunen gi løyve til at ein tank, framfor å gravast opp, kan reingjerast og fyllast med sand, grus eller liknande.
Grunn til dispensasjon kan vere at oljetanken ligg under byggverk eller på annan måte utilgjengeleg for oppgraving. Kommunen kan krevje at oljetankar som får dispensasjon frå kravet om oppgraving blir reinsa av eit godkjent firma.

 

Uavhengig av om kommunen har vedtatt ei lokal forskrift eller ikkje, har kommunen uansett forurensningsmynde for nedgravde oljetankar. Det er eigar av bygget (grunneigar) som har ansvar for oljetanken, og for å sikre at oljetanken er i trygg stand. 
Eigar er ansvarleg for skadene ein oljelekkasje forårsakar dersom tanken går lekk. 

I tillegg til at alle tankar inneheld restolje, kan det òg vere oljesøl innunder tanken, som følge av lekkasjar som alt er oppstått, tidligare overfyllingar og liknande. Denne olja kan spreie seg over tid. Difor er det tilrådd at du brukar eit firma som kan handtere brennbart avfall på en sikker måte, og sørge for at tanken er reingjort og gassfri ved levering til mottak. 
Det er berre ved å grave opp tanken at du kan vere heilt sikker på å unngå forureiningsfare i framtida. 

Kontakt

Jan Olav Birkeland
fagleiar feiar
Telefon: 56 57 53 45
Mobil: 982 34 449
Ana Monica Costa
Os brann og redning
Telefon: 56 57 53 57